Hareid Kyrkje finner du på følgende adresse:
Sjekk kartet for å se hvor du kan finne Hareid Kyrkje.
Følgende kategorier er beskrivende for Hareid Kyrkje:
Bruk følgende telefonnummer for å komme i kontakt med Hareid Kyrkje:
Sjekk følgende hjemmeside for Hareid Kyrkje:
Hva har skjedd hos Hareid Kyrkje i det siste? Her kan du finne relevante nyheter:
Kom å bli med å syng med oss! 3.-7. klasse, øving kvar onsdag kl 16.00 - 17.30.
FØREHANDSRØYSTING HADARTUN I DAG KL 10-14. Du treng ikkje vere bebuar på Hadartun for å røyste her, opent for alle. Barbro og Eli-Sølvi tek deg vel imot.
Valdagen 9. september: I høve Kommuneval- og kyrkjevalsdagen 9. september gjev Hapark løyve til gratis parkering på Bankplassen inntil 1 time for alle som skal stemme.
Ein fin flokk var samla i kyrkja i ettermiddag; åt pølse m/brød, song, høyrde historie om Jesus og ikkje minst om sauen som forsvann. Så var 3 åringane med å leita etter sauene som hadde gøymt seg i kyrkja.
KYRKJEVALET: Førehandsrøysting på Hadartun i morgon onsdag 28. august kl 10-14. Du treng ikkje å vere bebuar på Hadartun for å stemme her, kven som helst kan kome å førehandsrøyste. Vel møtt!
Torsdag 29.inviterer vi til frivilligfest på Hareid bedehus. På vedlagt bilde ser de kven som er invitert og vi gjerne vil ha påmelding ifrå. Dette er utsendt i posten for eit par veker sidan
Velkomne til samlingar om 4 års boka! Mi kyrkjebok for 4-åringar vert utdelt under gudstenesta søndag 15.september. Borna vert invitert til 3 samlingar på førehand, oppstart TIRSDAG 3.sept. i kyrkja. https://kirken.no/globalassets/fellesrad/hareid/dokumenter/trusopplaring/hk_trusoppl%C3%A6ring_haust_4ar_2019.pdf
Vi har plass til fleire 3 åringar med familie til sauejakta i ettermiddag! https://kirken.no/globalassets/fellesrad/hareid/dokumenter/trusopplaring/3%20ar_haust19.pdf
Kunne du tenkje deg, eller kjenner du nokon som kan vere vaksenleiar for ungdommane i Hareid Ten Sing? Del gjerne. Les meir her: https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/nyhende/vaksenleiar%20ten%20sing/
Å vere 7 år og kunne få reise på leir er veldig kjekt! Heldige er vi som kan invitere med oss 7 åringane til Holesanden på leirdøgn. Fin flokk born saman med ein fin flokk ungdomar og vaksne. Det heile enda med gudsteneste på Alskleiva etter ei lita pilegrimsvandring opp dit.
Skaparverkets dag. Takk til alle som tok del i høve gudstenesta i dag på Alskleiva. Ha ein god søndag!
Velkomne til gudsteneste på Alskleiva søndag kl.12:00. På vegen opp kan du kvile på gode benkar som Lionsklubben har sett opp og lese gode ord som juniorkonfirmantane har laga til. Under sjølve gudstenesta kan du site varmt på siteunderlag frå Sparebanken Møre og kanskje gå heim med ein premie frå trimgruppa i Hareid IL?! I gudstenesta får du høyre gode ord og song av born i trusopplæringa og tonar til salmane får vi frå Musikklaget Melshorn. Etter gudstenesta kan du kjøpe god mat og drikke frå KFUK/M på Holesanden. Mykje godt samarbeid med mange gode aktørar her! Mangfald i Hareid!
Denne veka har vi starta opp med barnekantoriet, juniorkonfirmantar og konfirmantførebuing. I morgon kjem vel 20 7-åringar til Holesanden på leir og tirsdag får 3-åringane vere dei første i aktivitet på det nye golvet! Kan vi anna enn glede oss?! :)
FOLKEKYRKJA I HAREID OPNAST IGJEN: Det blir ei glede å ta i bruk kyrkja igjen i neste veke etter omlag tre månader med renovering. Vi takkar alle som har jobba for å få til dette flotte resultatet sålangt, og det er ikkje få som har samhandla. Her kan nemnast Hareid kommune og prosjektleiar, Hareid kyrkjelege fellesråd og kyrkje- og kyrkjegardsutvalet i Hareid sokn, Biskop, Riksantikvar, Kirkerådet, arkeolog, entreprenørar og staben i Hareid sokn. Vi takkar alle for tålmod med ei stengt kyrkje, og gleder oss til å ta i bruk folkekyrkja i Hareid. Les meir om prosjektet: https://kirken.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/nyhende/hareid%20kyrkje%20opnast%20igjen/
Rom for fellesskap, rom for liv, rom for tro: Ved døypefonten gjev kyrkja eit løfte om å støtte borna på trusvegen. Dette gjer vi ved å tilby undervisning på ulike alderstrinn. Sjå filmen: https://www.youtube.com/watch?v=ZVskTQ7eycE&feature=youtu.be&fbclid=IwAR11TCbf0uYpHgAwek9P3_EqcUNvFJyrl2ybbvPlgFvoxIlH1Av31HIuKic Sjå brosjyre 0-18 år: https://www.youtube.com/watch?v=ZVskTQ7eycE&feature=youtu.be&fbclid=IwAR11TCbf0uYpHgAwek9P3_EqcUNvFJyrl2ybbvPlgFvoxIlH1Av31HIuKic I tillegg har vi Hareid barnekantori, som er eit barnekor for gutar og jenter frå 3. klasse og oppover som øver kvar onsdag.
VI-KORET: Eit kor for dei som er ca 5-8 år som likar å synge, høyre historie og leike litt🎶👍🏼kom å bli med. Startar opp igjen etter ferien, 4 . september. Øving annakvar onsdag kl 17-18 i 2. etg. på Hareid bedehus. Her ser du dei frå framsyning under Opplev Hareid i sommar.
Ein heilt vanleg dag på kyrkjekontoret: Kjekt når trusopplæring, korsong, andakter, frivilligsentral m.m. startar opp igjen😊 Sokneprest Lars begynner å bli husvarm❤
Alle som er medlem i Den norske kyrkja og fyller 15 år i år kan stemme ved kyrkjevalet. Her finn du informasjon og nyttige linkar for å få svar på spørsmål i høve kyrkjevalet 2019. Del gjerne! https://kirken.no/nn-NO/bispedommer/more/aktuelt/kirkevalget2019-hvorfinnerduinfoom/
Trusopplæringa i Hareid er variert og omfattar aldersgruppa 0-18 år. Vi tilbyr ulike samlingar og aktivitetar gjennom heile haustsemesteret. Torsdag startar vi med konfirmantar og juniorkonfirmantar. Til helga er det 7-åringar og tirsdag neste veke 3-åringar, og slik går det slag i slag utover. Sjekk linken og du vil sjå plan for haustsemesteret. https://kirken.no/globalassets/fellesrad/hareid/dokumenter/trusopplaring/kalendar%20haust%20%202019.pdf
Vi inviterer til sauejakt for 3 åringar neste veke! Faktisk dei første som får muligheit til å bruke den nyrenoverte kyrkja. Kom! Kom! sjekk brosjyra i linken under
Her kan du finne bilder fra Hareid Kyrkje:
Her kan du finne videoer fra Hareid Kyrkje:
Golvet i kyrkja ligg klart! Det går framover etter skjema, heldigvis!
Kyrkjeklokkene kimer, velkomen til innsettingsgudsteneste for Lars Hartig-Tangedal kl 11.00 på Hareid bedehus.
Flott song & musikk frå Hareid Ten Sing. Her frå Opplev Hareid sin familiekonsert i parken i dag. Hareid KFUK/M søkjer etter ny vaksenleiar til desse flotte ungdommane, då Guro reiser bort på studier til hausten. Treng ikkje vere dirigent, då dei har eigen dirigent i koret. For å lese meir eller for å søkje, sjå vår heimeside.
Tusen takk til det flotte VI-koret med fantastisk fin song på scena i parken under Opplev Hareid. Du kan bli med i dette koret til hausten om du vil:) Berre ta kontakt med Lene, Vibeke, Marita eller kyrkjekontoret❤
Takk til Hjørungavåg sine rovarar i speidaren, Hjørungavåg brass og Hjørungavåg IL som bidreg kvart år, slik at vi kan ha friluftsgudsteneste på Melshornet❤Leia av vår nye sokneprest Lars Hartig-Tangedal.
Friluftsgudsteneste live, frå Melshornet❤
Sjekk også følgende Restauranter i nærheten:
Sjekk også følgende Hoteller i nærheten:
Sjekk også følgende Eiendomsmeglere i nærheten:
Sjekk også følgende Frisører i nærheten: